11; NoCache
Klassesett ved Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

Her er ei oversikt over klassesett ved Sogn og Fjordane fylkesbibliotek. Klassesetta er meint som eit tilbod til grunnskulane i fylket. Lånereglar.

Klassesetta fylkesbiblioteket har for utlån er registerert i ein eigen base, klassesettbasen. Her finn ein bøker på nynorsk, bokmål og engelsk, for alle alderssteg og med ulik vanskegrad.

I tillegg til klassesettbasen har vi - for å gjere det enklare å finne den rette boka til klassen - gruppert klassesetta våre i ulike kategoriar. Klikk på den gruppa du er interessert i:

Nynorsk

Bokmål

Lett å lese

Anna

1.-4. klasse 1.-4. klasse 1.-4. klasse Skodespel
5.-7. klasse 5.-7. klasse 5.-7. klasse Engelske klassesett
8.-10. klasse 8.-10. klasse 8.-10. klasse "Vaksenlitteratur"


Tingingsskjema

Nyaste klassesett:

Tips til bruk (undervisningsopplegg, anbefalingar mm)


Finne bestemte klassesett:
Gå inn og søk i "Klassesettbasen", der kan du søke på forfattar, tittel, emne mm. Får du opp ei liste med fleire bøker, klikkar du på den tittelen du er interessert i. Under omtalen av kvar bok vil du finne ei eksemplarliste for denne boka, der du kan sjå om tittelen (og kor mange eksemplar) er inne. Både "På hylla" og "Retur eigaravdeling" betyr at eksemplaret er ledig.

Vi har og ei alfabetisk liste over alle klassesetta (i menyen under "Klassesett"). Lista er alfabetisk etter forfattarnamn, og er primært meint for utskrift. Klikkar ein på ein tittel her, søker ein opp denne i klassesettbasen.

Tinging av klassesett:
Bruk tingingsskjema (kan også brukast til spørsmål), eller ring Robert Haugen, tlf. 57 72 18 89. Ring gjerne også dersom du vil ha hjelp til å finne eit høveleg klassesett.


Anja Angelskår Mjelde (04/16/2010)





Utskrift

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Postboks 144, 6801 Førde
Tlf 57 72 18 80 - Faks 57 72 18 93
post.fylkesbiblioteket@sfj.no