11; NoCache


Bøker om skulestart

Bøkene som kjem fram under "artige bøker" og "spanande bøker" fins som klassesett,
og kan lånast frå fylkesbiblioteket

Tips om bøker skrive av lokale forfattarar:

Berit Hellem Giil: Saramoria

Berit Hellem Giil bur i Høyanger, sjå forfattarens heimeside.

Sara Marie, betre kjend som Saramoria, er 7 år og går på skulen. Bestevennen hennar heiter Minus. Ho bur saman med mamma i ei bygd. Far hennar er rockemusikar og industriarbeidar, er skalla og har ring i nasa. Saramoria er veldig glad i han. Det som er forskjellen mellom Saramoria og Minus, er at Minus ikkje har nokon far, for det har mor hans sagt. Kan Ronny, far til Saramoria, vere pappa for Minus óg?

Dette er første bok i serien om Sara Maria og kameraten Minus. Bokserien passar for alderen 6 til 9 år. Bøkene er kanskje litt for lange for nokre, men eignar seg godt til høgtlesing.

Yngve Frøyen: Forfedrene

Ei bok for dei som torer å lese ein skikkelig grøssar. Forfattar Yngve Frøyen kjem frå Bremanger. Boka Forfedrene har handling frå eit gamalt hus på ei øy, og det slett ikkje usannsynleg at huset han skriv om fins i Bremanger. Tenk på det når du les boka, viss du torer……

Gode sider med boktips

Skriv sjølv:


Litteraturformidling i Sogn og Fjordane - Eit tilbod for framtida

- utgreiing av litteraturformidlingsarbeidet i Sogn og fjordane i eit bredt perspektiv.


Anja Angelskår Mjelde (01/19/2010)





Utskrift

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Postboks 144, 6801 Førde
Tlf 57 72 18 80 - Faks 57 72 18 93
post.fylkesbiblioteket@sfj.no