Årets aksjon inneheld smakebitar frå 16 bøker innan ulike sjangrar utgjeve det siste året, lydbok, dokumentarfilm, og lærarrettleiing med tilbod om forfattarbesøk, oppgåver og elevkonkurranse. Her er oversikt over dei 16 bøkene som er med i aksjonen.

Deltakinga er gratis, du får tilsendt pakken kostnadsfritt, og både bibliotek og skular kan delta. Kvar enkelt melder seg på via skjemaet som ligg HER. Påmeldingsfrist er 11. september.

Les meir om årets aksjon på Foreningen !Les sine nettsider, eller ta kontakt med prosjektleiar Kristine Isaksen om de har spørsmål av noko slag: kristine@foreningenles.no / 952 019 68.