I november arrangerte fylkesbiblioteket som del av prosjektet Saman for framtida eit seminar for kommunane i Sogn, der ein skulle sjå på om det finst område biblioteka kan arbeide tettare saman om. På seminaret kom det mange gode idear og tankar om aktuelle tiltak, og deltakarane tok med seg ideane til vidare diskusjon og planlegging. Det vart også jobba vidare med ideane i eit prosjektkurs dagen etter seminaret.

Vi inviterer no til ny samling for å jobbe fram mot større konkretisering og formalisering av eventuelle tiltak, for å utvikle eit godt samarbeid mellom biblioteka i regionen. 

På møtet vil det vere ei økt der biblioteksjefane presenterer arbeidet som er gjort med ideane og tiltaka sidan seminaret og prosjektkurset i november.

Eli Grete Høyvik frå Interplan vil framleis leie prosessen, og vil m.a. bruke den såkalla LØFT-metoden, der LØFT står for LØysingsFokusert Tilnærming.