Lesarhistorieprosjektet er eit treårig prosjekt (2015-2017) som har fått støtte frå Nasjonalbiblioteket. Fylkesbiblioteket er prosjektleiar og ansvarleg for prosjektet. Men det viktigaste i prosjektet er dei ulike samarbeidsprosjekta som inngår. Fem ulike bibliotek samarbeider med skule eller barnehage med mål om å skape leselyst blant barn og finne fram til nye formidlingsmetodar. Metodar som bibliotekarar kan ta i bruk i samarbeid med skule/barnehage. Prosjekta er varierte og målgruppa spenner frå førskule til ungdomsskule. Vi er no midtvegs i prosjektet og det er på tide å gjere op status, sjå på kva vi har gjort og kva vi vil gjere i tida som kjem.

Program for dagen:

10.00 – 10.45: Kjell Ivar Skjerdingstad frå Høgskolen i Oslo og Akershus foreleser om omgrepet lesarhistoria og om metode: korleis forske på eige arbeid

11.00- 11.30: Gruppepresentasjon. Eli Kjos-Wenjum frå Sogndal bibliotek og Kristin Fossnes frå Kaupanger skule presenterer sitt samarbeidsprosjekt: «Rett bok til rett elev»

11.30 – 12.00: Gruppepresentasjon. Trond Strand frå Bremanger folkebibliotek og Astrid Olsbø frå Davik barnehage presenterer sitt samarbeidsprosjekt: «Tidleg start. Om å skape lesarhistorier gjennom samarbeid.»

12.00 – 12.45: Lunsj

12.45 – 13.15: Prosjektleiar Bente Lund ved fylkesbiblioteket orienterer om prosjektet so langt og vegen vidare.

13.15 – 13.45: Ann Kristin Hovstad frå Gloppen folkebibliotek og Reidun Sandøy Os frå Nordstranda skule presenterer sitt samarbeidsprosjekt: «Tidleg danning. Å skape trygge bibliotekbrukarar»

14.00- 14.30: Liv Ese frå Sagatun skule presenterer samarbeidsprosjektet med Balestrand bibliotek: «Uprisen – gode og dårlege leseopplevingar»

14:30 – 15.00: Lise Monsen frå Flora folkebibliotek og Torhild Madsen frå Krokane skule presenterer sitt samarbeid: «Lesarhistoria – ny veg til lesaren. Brev til bibliotekaren»

Cirka 15.15: slutt for dagen, vel heim.