I Strategisk plan for bibliotekutvikling i Sogn og Fjordane 2011-2014 er eit av hovudmåla å utvikle samarbeid på tvers av kommunegrensene, for på den måten å skape grunnlag for betre tenester til innbyggjarane.

Utfordringa skissert i prosjektsøknaden Saman for framtida er at biblioteka i fylket er små, både i storleik og i ressurstilgang, noko som gjer dei sårbare og kan bremse vidare utvikling. Prosjektet tok utgangspunkt i ei tru på at samarbeid kan styrke kvar enkelt gjennom ressursdeling og felles løft.

Fylkesbiblioteket ville gjennom prosjektet Saman for framtida byggje nettverk og vere pådrivar for ulike typar forpliktande samarbeid om drift og utvikling mellom biblioteka i Sogn og Fjordane. Dette er nådd ved at ein har fått utarbeidd regionvise samarbeidsavtaler i Sogn, indre Sunnfjord, HAFS og Nordfjord.

Det treårige prosjektet Saman for framtida vart formelt avslutta i 2014, men arbeidet med samarbeidsavtaler fortsette ut over i 2015. For prosjektet har Nasjonalbiblioteket tildelt fylkesbiblioteket til saman kr. 800 000.