Serieteiknarane- og forfattarane Øystein Runde og Geir Moen er ansvarleg for den lett obskure og surrealistiske teikneserie-romanen De fire store. Når de døde våkner (2007). Tittelen fortel at diktarane Bjørnson, Lie, Kielland og Ibsen er hovudrolleinnehavar med sistnemnde sitt seinaste arbeid som svært sterk inspirasjon for undertittelen.



Omslagsbilde

Med Hulda Garborg, kona til Arne, og forfattar Øvre Richter Frich i sentrale roller presenterer Runde og Moen, som fekk teikneserieprisen 2007 frå Kultur- og kirkedepartementet for denne utgjevinga, eit nokså spesielt plot.

Kva balar desse forfattarane med, då? Ja, det er noko med ei undergrunnsregjering, sjølvsagt med base under Stortinget, hydrogenmotorar kontra motorar drivne av bensin, maktkampar og sjølvhevding. Ei slags oppklaring av mysteriet skjer på ein plattform i Nordsjøen. Dei sentrale i forteljinga er sinte og slåande, og syner sider ved sitt kunstnariske talent du ikkje ante dei bar på i hugen sin.

Dei ansvarlege for boka sparkar hit og dit mot tendensar og utvikling i dagens norske samfunn, klimaet, eigesjuke, innbilskheit og den sjølvhøgtidelege får stikk. Teksten har referansar og allusjonar ikkje berre til dei fire store forfattarane sine arbeid og liv, men også til klassiske tekstar og kunstuttrykk som til dømes Brave New World og Star Wars.

Eg blei skuffa over denne teikneserie-romanen - forventingane mine blei ikkje oppfylte. Eg blei ikkje interessert i handlinga, for meg blei den for fragmentert og spesiell. Men Runde og Moen skal ha honnør for fantasien og kreativiteten, og humoren i etterordet. Og kanskje kan boka formidle litt kunnskap om desse markante forfattarane som i hovudsak verka i andre halvdel av 1800-talet.