Forfattarinne Ingelin Røssland er ute med første bok i ein triologi. Den heiter Englefjes og er meldt i Dagbladet; http://www.dagbladet.no/kultur/2008/06/02/536921.html Boka får stort sett god mottaking, men meldaren likar ikkje heilt handlinga. Ho opplever den som "i overkant rått". Englefjes skal følgast opp med ei utgjeving neste år, og ei i 2010. Til saman utgjer dei ein kriminalserie. Røssland er kjent og prisgitt for ungdomsbøkene Handgranateple og Monstertanta. I år er det 10 år sidan Ingelin Røssland debuterte med Viss du vil. Årets utgjeving av Røssland kjem som kulturfond-bok.