Litteraturmeldar Marta Norheim i NRK gav i fjor ut boka Røff guide til samtidslitteraturen. I den omtalar ho norske forfattarar som debuterte etter 1990 med skjønnlitterær prosa for vaksne. Denne oppslags- og referanseboka kan brukast som hjelpemiddel i det daglege formidlingsarbeidet i biblioteket, og høver også sjølvsagt til samanhengande lesing. Ver merksam på at den ikkje omtalar alle utgjevingane etter 1990, og at den ikkje kan samanliknast med noko leksikon.  Norheim har delt inn omtalane av utgjevingane i 13 kapittel etter kva ho meiner er hovudinnhaldet i bøkene. Bak i boka kan brukaren gjere seg nytte av tre register: eitt forfattarregister, eitt register over omtalte titlar og eitt register med forfattarar og bøker etter kapittel. Om til dømes informasjonen i referanseintervjuet i biblioteket fortel at brukaren kan tenkje seg å låne ei skjønnlitterær bok utgitt dei siste 10-15 åra av ein ny, norsk forfattar der handlinga kan handle om krig, kriser og katastrofar, kan kapittel 10 med sine fem omtalte forfattarar vere eit utgangspunkt for anbefalingar. Marta Norheim og Norsk Kulturråd gjennom innkjøpsordninga tilbyr ved denne boka eit ekstra verkty i litteraturformidlingsarbeidet.  Meldingar av boka: http://www.bt.no/bergenpuls/litteratur/article363742.ece http://www.aftenposten.no/kul_und/litteratur/article1772677.ece