Neste steg vert å få på plass transportordning, slik at ein får ein grei flyt av mediasamlingane.

Men det bør understrekast at fjernlån skal vere eit supplement til samlingane i biblioteka og ikkje ei erstatning for manglande ressursar lokalt.

Fjernlån er ressursdeling og skal sikre felles tilgong til landets samla bibiotekressursar for alle som bur i landet. Bøker som er tilgjengelege til heimlån i eit bibliotek skal også vere tilgjengeleg for brukarane ved andre bibliotek gjennom fjernlånssamarbeid.

I praksis har utviklinga ført til at dei "aller" fleste folkebibliotek no tek ansvar for sine eigne fjernlån og tingar desse direkte utan å gå vegen om fylkesbiblioteket.

Noregslånet gjer det og etterkvart mogleg for brukarane å bestille det dei vil ha kor som helst i frå og få det sendt til det biblioteket som dei vel ved bestilling.