Fylkesbiblioteket ønskjer å vere ein aktiv støttespelar og skal ha rolle som kompetansesenter og regional utviklingsaktør på bibliotekfeltet i fylket. Vi skal yte bibliotekfagleg rettleiing og assistanse til folke- og skulebiblioteka i fylket, og gje råd til lokale styresmakter og bibliotekeigarar.

Ønskjer du råd og rettleiing av fylkesbiblioteket tek vi gjerne turen, eller vi kan slå av ein prat på telefonen. Tema vi jobbar med er til dømes.:

  • Biblioteksamarbeid
  • Prosjekt, bibliotekutvikling
  • Arrangementsutvikling
  • Ikt og web
  • Statistikk
  • Fjernlån
  • Samlingsutvikling
  • Katalogisering og klassifikasjon
  • Biblioteklokale
  • Tilbod til barn og unge
  • Skulebibliotek
  • Tilgjenge og mangfald

Kontakt oss gjerne!