Meld deg på no!
Pris: 300


Korleis skal vi utvikle arrangement, kva slags arrangement skal biblioteket satse på og korleis skapar vi variasjon i tilbodet?

Dette vert tema når Marit Borkenhagen, leiar for Norsk litteraturfestival, tek turen til Sogn og Fjordane 3. juni for å lære oss om publikumsutvikling og litterære arrangement i biblioteket.

I laupet av ein kursdag går vi gjennom nokre av biblioteket sine føringar og føresetnader som formidlar, og korleis arrangementsutvikling er del av dette.

  • Kva slags type arrangement skal biblioteket gjennomføre?
  • Korleis jobbar vi med marknadsføring og publikumsutvikling?
  • Korleis får vi tak i målgruppene vi ønskjer til arrangementa?
  • Kven kan vi samarbeide med?
  • Kva slags økonomiske råmer har vi til disposisjon?

Alle desse spørsmåla, samt praktisk tilrettelegging og råmer rundt arrangmenetet vil vi kome innom i løpet av kursdagen.


Forarbeid for deltakarane:
Deltakarane tek med seg nokre eksempel på arrangement dei har gjennomført det siste året, eller som dei planlegg å gjennomføre i 2014. Delar av kurset består i å arbeide i grupper med konkrete idear/planar, for eksempel haustprogrammet.

Kurshaldar
Marit Borkenhagen er leiar for Norsk litteraturfestival – Sigrid Undset-dagane på Lillehammer. Ho har tidlegare arbeidd som informasjonssjef i Bokklubben, og har bakgrunn som litteraturvitar, bokanmeldar og redaktør. Ho har også hatt ansvaret for arrangement som Bokbadet og Bokfest i Operaen.

Kurset har vore tilbydd gjennom prosjektet  ”Formidlingskompetanse i norske bibliotek: produksjon – arrangement – formidling” med støtte frå Nasjonalbiblioteket, og er eit samarbeidsprosjekt mellom Aust-Agder bibliotek og kulturformidling, Buskerud fylkesbibliotek og Østfold fylkesbibliotek for å tilby aktuelle kompetansehevande kurs til andre fylke.

Vel møtt til ein inspirerande kursdag med fokus på publikumsutvikling og biblioteket som attraktiv og aktiv arena og møteplass.

Meld deg på her!