Programmet er ei statleg satsing for å utvikle grunnskulebiblioteka som læringsarena og pedagogisk ressurs. Grunnskular kan søkje om midlar til praksisnære prosjekt der målet er å styrkje skulebiblioteket som verktøy i leseopplæring og i undervisning i fag. I programmet inngår etterutdanning av prosjektdeltakarane i form av obligatoriske kurs og nettbasert rettleiing. Deltakeravgifta til kursa vert dekt av Universitetet i Agder.

Dingemoen skule i Fjaler og Byrknes skule i Gulen har vore med her frå fylket, og kan heilt sikkert kontaktast dersom de ønskjer å høyre om deira erfaringar!

Her er brosjyre der kan du lese om prosjekta til dei skulane som var ressursskular 2010-2011 i Program for skolebibliotekutvikling.

Det er skuleeigar som sender søknaden. Informasjon om programmet, søknadsskjema, søkjerettleiing og kriterium for vurdering av søknadane finn de på nettstaden www.skolebibliotek.uia.no

Søknadsfrist er 15. mars 2012.
Søknaden skal sendast elektronisk til skolebibliotek@uia.no