Midlane skal stimulere folkebiblioteka til å skape ny aktivitet i bibliotekrommet. Dette skal bidra til at biblioteka kan oppfylle formålsparagrafen i den nye biblioteklova som uavhengig møteplass og arena for offentleg samtale og debatt. Det kan vere prosjekt som er knytta til for eksempel utforming av lokala, utvikling av arrangementstypar og nye samarbeidsformer.

12,1 millionar vert lyst ut, og det er folkebibliotek som kan søke midlane. Les meir eller finn elektronisk søknadsskjema her.

 

Ta gjerne kontakt med oss i fylkesbiblioteket om de treng hjelp med søknad eller ønskjer å diskutere idéar de har.