Innsatsområda, forutan midlar til frie forsøk og forprosjekt, er:

  • Biblioteket som møteplass og arena for offentlig samtale og debatt
  • Biblioteket som læringsarena
  • Nye formidlingsmetodar
  • Tenesteutvikling
  • Mangfald og inkludering
  • Nasjonalbibliotekets digitale tenester som grunnlag for nye tilbod

Her finn du nærare omtale av innsatsområda.

Ver merksam på at Nasjonalbiblioteket prioriterer prosjekt som omfattar samarbeid. Det kan dreie seg om samarbeid mellom bibliotek, eller mellom bibliotek og andre institusjonar. Med utgangspunkt i samarbeid som mange bibliotek har sett i gong i kjølvatnet av «Saman for framtida» og workshopen i Balestrand, så ligg forholda kanskje ekstra godt til rette for å gå saman om ein felles søknad.

Hugs at i budsjettet for prosjektet bør minst 40% av samla budsjett vere basert på eigenfinansiering. Denne delen kan omfatte kostnader knytt til arbeidsinnsats, ein del av finansieringa kan også kome frå andre inntektskjelder.

Det kan vere greitt å kikke på kva prosjekt som tidlegare har fått midlar, sjå oversikt over tildelingar av prosjekt- og utviklingsmidlar. Her kan ein finne både idéar og inspirasjon.

Elektronisk søknadsskjema vert tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket sine nettsider 20. august, men det er lurt å starte tenkinga rundt ev. søknad alt no.

Få hjelp!

Fylkesbiblioteket kan hjelpe deg med prosessen frå idéfase til å gi konkrete råd for utforming av søknad.

Treng du nokon å sparre med anten for å diskutere ein idé, formulere prosjektomtale,  få råd om korleis setje opp budsjett eller rett og slett treng stadfesting på at ideen er attraktiv, er det berre å ta kontakt.

Vi gir også tips om val av samarbeidspartnarar, eller set deg i kontakt med andre som vi kjenner som også syslar med liknande idéar, eller som kan eigne seg som samarbeidspart.

Ta kontakt med Siri hjå oss, så hjelper vi deg i prosessen med ditt prosjekt. Du når Siri på tlf. 57 63 79 58, men du kan også sende e-post til siri.ingvaldsen@sfj.no så tek vi kontakt for ein prat om idéen din. Prøv å vere så konkret som muleg, ha klart føre deg kvifor prosjektet bør gjennomførast, og kva ønska resultat og effektar de vil sitte att med.