I denne samanheng har Fritt Ord øyremerka inntil 15 millionar kroner til initiativ frå enkeltpersonar og grupper blant unge menneske opp til 30 år. Bibliotek, kulturhus, skular, lag og organisasjonar vert framheva som aktuelle samarbeidspartar.

Søknadar vert handsama i puljer utover hausten, og fristane for å søkje midlar er 16. september for handsaming i oktober/november og 4. november for handsaming i desember.

Kontakt Erik Rudeng, direktør i Fritt Ord, tlf. 23 01 46 40 eller 99 53 65 25 ved spørsmål eller nærare informasjon, eller les meir om utlysinga på Fritt Ord.