Som del av prosjektet Saman for framtida der vi arbeider for å utvikle samarbeidet mellom biblioteka i Sogn og Fjordane, rettar vi no fokus mot biblioteka i Sogn og i HAFS-regionen. Det vert seminar om biblioteksamarbeid der Eli-Grete Høyvik frå Interplan leiar seminara med mål om å kome fram til område det kan vere aktuelt for biblioteka å samarbeide tettare om.

Det vert også prosjektkurs i samband med seminara. I kompetansekartlegginga som fylkesbiblioteket har gjennomført (HK-sak 37/14) peika biblioteksjefane på at prosjektutvikling er eit område dei ynskjer meir kompetanse på. Meir kunnskap om prosjekt vil også vere nyttig for å setje i gang eigne tiltak og for å kome vidare med samarbeid.

Program for prosjektkurset

1. Innleiing om prosjektarbeid ved Eli-Grete Høyvik
   a. Prosjekt som arbeidsform
   b. Korleis legge strategiar, utforme mål (effektmål og resultatmål) og satsingsområde
   c. Korleis organisere eit prosjekt - framdriftsplan med aktivitetar, fasar og milepælar, roller og ansvarsdeling, budsjett og budsjettoppfølgjing
   d. Prosjektlederprosessen (PLP) som metode
2. Workshop med eit case. Her tek vi fatt i tiltak som er aktuelle å samarbeide om
3. Oppsummering og vegen vidare

Målgruppe: Biblioteksjefar, andre bibliotektilsette som dette er relevant for, samt kulturansvarleg/-sjef i kommunen.

Måndag 24. november: Seminar med KPL-prosess, kl. 10-14

Tysdag. 25. nov.: Prosjektkurs kl. 9-15

Stad begge dagar: Kommunehuset, Sogndal

Påmelding med kven som deltek frå kommunen til Anja Angelskår Mjelde innan 10. november.