Som del av prosjektet Saman for framtida der vi arbeider for å utvikle samarbeidet mellom biblioteka i Sogn og Fjordane, rettar vi no fokus mot HAFS-biblioteka og biblioteka i Sogn. Det vert seminar om biblioteksamarbeid der Eli-Grete Høyvik frå Interplan leiar seminara med mål om å kome fram til område det kan vere aktuelt for biblioteka å samarbeide tettare om.

Det vert også prosjektkurs i samband med seminara. I kompetansekartlegginga som fylkesbiblioteket har gjennomført (HK-sak 37/14) peika biblioteksjefane på at prosjektutvikling er eit område dei ynskjer meir kompetanse i. Meir kunnskap om prosjekt vil også vere nyttig for å setje i gang eigne tiltak og for å kome vidare med samarbeid.

Program for prosjektkurset
1. Innleiing om prosjektarbeid ved Eli-Grete Høyvik
     a. Prosjekt som arbeidsform
     b. Korleis legge strategiar, utforme mål (effektmål og resultatmål) og satsingsområde
     c. Korleis organisere eit prosjekt - framdriftsplan med aktivitetar, fasar og milepælar, roller og ansvarsdeling, budsjett og budsjettoppfølgjing
     d. Prosjektlederprosessen (PLP) som metode
2. Workshop med eit case. Her tek vi fatt i tiltak som er aktuelle å samarbeide om
3. Oppsummering og vegen vidare

Målgruppe: Biblioteksjefar, andre bibliotektilsette som dette er relevant for, samt kulturansvarleg/-sjef i kommunen

Tysdag 18.11. Seminar med KPL-prosess kl. 10-14, Jakob Sande-tunet i Dale

Onsdag 19.11. Prosjektkurs kl 9:30-15, Kommunehuset i Hyllestad

Påmelding med kven som deltek frå kommunen til Anja Angelskår Mjelde innan 10. november.