Som del av prosjektet Saman for framtida, der vi arbeider for å utvikle samarbeidet mellom biblioteka i Sogn og Fjordane, tilbyr vi no prosjektkurs for alle biblioteka i fylket. Kurset er leia av Eli-Grete Høyvik, Interplan

I kompetansekartlegginga som fylkesbiblioteket har gjennomført (sjå HK-sak 37/14) peika biblioteksjefane på at prosjektutvikling er eit område dei ynskjer meir kompetanse på. Meir kunnskap om prosjekt vil vere svært nyttig både for å setje i gang eigne tiltak og for å kome vidare med samarbeid.

Program for prosjektkurset

  1. Innleiing om prosjektarbeid ved Eli-Grete Høyvik.
    a. Prosjekt som arbeidsform.
    b. Korleis legge strategiar, utforme mål (effektmål og resultatmål) og satsingsområde.
    c. Korleis organisere eit prosjekt - framdriftsplan med aktivitetar, fasar og milepælar, roller og ansvarsdeling, budsjett og budsjettoppfølgjing.
    d. Prosjektlederprosessen (PLP) som metode.
  2. Workshop med eit case. Her tek vi fatt i tiltak som er aktuelle å samarbeide om.
  3. Oppsummering og vegen vidare.

Målgruppa er biblioteksjefane og andre bibliotektilsette som dette er relevant for, samt kulturansvarleg/-sjef i kommunen.

Kurset er gratis. Det vert servert ein enkel lunsj.

Påmelding med kven som deltar frå kvar kommune kan sendast på e-post til anja.angelskar.mjelde@sfj.noinnan 10. november.