Saman for framtida

"Saman for framtida" er eit prosjekt der ein søkjer å utvikle samarbeidet mellom biblioteka i Sogn og Fjordane.

Stadige krav om omstilling, kompetanseheving og fornying av tenestetilbod for å kunne halde tritt med utviklinga elles i samfunnet set bibliotek med avgrensa ressursar i ein utfordrande posisjon. Deling av kunnskap, utvikling av kompetanse og eit regionalt, samarbeidande bibliotekmiljø vil vere avgjerande for å klare å henge med.

Med prosjektet «Saman for framtida», ønskjer vi å utreie og leggje til rette for samarbeid mellom biblioteka i fylket for å betre tilhøva for utvikling. Prosjektet er direkte forankra i fleire av strategiane i fylkets strategiske plan for bibliotekutvikling.

Prosjektet starta i 2012, og vil gå til sommaren 2014.

Innhald i prosjektet

Bibliotekdagane 2012 blei brukt som ein oppstartskonferanse for prosjektet, og biblioteksamarbeid var eit viktig tema desse dagane.

Hausten 2012 og vinteren 2013 gjennomførte vi ein intervjurunde der vi besøkte samtlege folkebibliotek i fylket. På førehand hadde vi utarbeidd ein intervjumal der vi kom innom dei fleste aspekta ved bibliotekdrifta.

I samtalane med dei tilsette på biblioteka, som kvar varte 3-4 timar, blei vi kjent med utfordringar og problemstillingar biblioteka står overfor, og kva kva hindringar og mogelegheiter dei ser for å utvikle bibliotekdrifta. Vi utfordra dei på tenking rundt biblioteksamarbeid, og fekk synspunkt og innspel på dette. Intervjurunden har gitt oss svært godt innblikk i biblioteka sine utfordringar og eit godt grunnlag for vidare arbeid med problemstillingane.

Etter å ha samla og gått gjennom intervju inviterte vi til workshop/arbeidsseminar for bibliotektilsette, der dei i fellesskap skulle jobbe fram aktuelle samarbeidstiltak dei ynskjer å arbeide med. Til dette blei Open space-prosess brukt, og alle deltakarane arbeidde aktivt med problemstillingane. I tillegg fekk dei høyre eksempel frå tre andre kommunar/fylke om vellukka samarbeid.

På arbeidsseminaret var det påmeld deltakarar frå 22 av 26 kommunar, og entusiasmen for vidare samarbeid etter seminaret var stor. På workshopen identifiserte ein nokre område biblioteka spesielt ynskte å arbeide vidare med. Fleire bibliotek er i gang med ulike samarbeidstiltak på eige initiativ.

I tillegg har fylkesbiblioteket med bakgrunn i resultata frå intervjurunde og workshop, samt eigne vurderingar, peika ut tre område der vi vil prøve å utvikle biblioteksamarbeid vidare:

1. Formidling og hospitering 
Her vil vi sørge for at deltakarane ved hjelp av studietilbod/kursing får auka kompetansen i formidling, samstundes som dei forpliktar seg til å praktisere formidlinga på tvers av kommunegrensene. Slik vil vi sikre både kompetanseheving og kompetanseoverføring. Prosjektet vart også følgt opp på årets bibliotekdagar, der ein bl.a. hadde eit minikurs i lesesirkelarbeid, som går inn i arbeidet med å auke formidlingskompetansen.

2. Lesarhistorier
Med utgangspunkt i omgrepet "lesarhistorier" ynskjer vi å utvikle ny kunnskap om litteraturformidling til barn og unge, i eit samarbeid mellom folkebibliotek, skular og barnehagar. I opplegget ligg at vi vil knytte til oss ekstern rettleiar for å forske på eige arbeid. Eigen søknad om forprosjektmidlar er sendt Nasjonalbiblioteket, og vi er blitt tildetl 120 000 kr til forprosjektet.

3. Driftssamarbeid
Sogn og Fjordane har svært mange små bibliotek som er dårleg rusta til å møte framtidas utfordringar på eiga hand. Med bakgrunn i kartlegginga som er gjort, vil vi plukke ut nokre kommunar og gå aktivt inn for å etablere eit forpliktande organisatorisk samarbeid om bibliotekdrift. Samarbeidet skal ha klart definerte mål og vere forankra politisk.

Fylkesbiblioteket held no på med å konkretisere tiltak for våren 2014.

For prosjektet «Saman for framtida» har Nasjonalbiblioteket tildelt fylkesbiblioteket kr. 630 000.