Opprinneleg melding:

Vi har for tida problem med eBokBib, og fleire lånarar får ikkje tilgang til bøker eller lydbøker i appen.

Svært mange brukarar får beskjed om at dei aller fleste bøkene er "ikkje ledig", og får dermed ikkje lånt bøker. Reservering av bøker fungerer dessverre heller ikkje riktig.

Systemleverandøren jobbar med saka, men det er usikkert når feilen blir retta. Vi vil gi beskjed når det er i orden igjen.