Kommunane i Sogn og Fjordane har saman med fylkesbiblioteket inngått avtale om abonnement på PressReader, ei digital avisteneste som gir tilgang til over 6300 aviser og tidsskrift frå heile verda.

PressReader gir fullteksttilgang til vel 6.300 tidsskrift og aviser frå heile verda, og er såleis eit svært godt tilbod til utanlandske bibliotekbrukarar, som arbeidsinnvandrarar og flyktningar - eller andre som er interesserte i å lese internasjonalt stoff.

I tillegg inneheld tenesta ei rekkje norske aviser, til dømes Aftenposten, Dagbladet, Dagsavisen, Stavanger Aftenblad, Fædrelandsvennen og Bergens Tidende. Norske bibliotekbrukarar kan dermed få tilgang til dei store riks- og regionavisene som biblioteka gjerne elles ikkje har råd til å abonnere på.

For å få tilgang til PressReader på mobil og nettbrett, må brukaren lasta ned appen PressReader og kopla seg på nettverket på biblioteket. Deretter har vedkomande full tilgang til PressReader i 7 dagar - brukaren må altså innom biblioteket kvar 7. dag for å få oppdatert tilgangen. På pc går ein inn på pressreader.com medan ein er på biblioteket sitt nettverk. 

For dei biblioteka som brukar Bibliofil er det også mogleg å kople seg på PressReader gjennom Mappa mi, og ein vil då få tilgang heile tida, uansett kvar ein er. Det blir arbeidd med å få til ei liknande ordning for Micromarc-biblioteka sine brukarar.

Les meir om korleis du kan bruke tenesta på http://blog.pressreader.com/use-pressreader (informasjon på fleire språk).