Tiller er født i 1970 og er frå Trondheim. Han debuterte i 2001 med romanen Skråninga. Han skriv på nynorsk, og romanen frå 2007 er den tredje frå Tiller si hand. Eg meiner Innsirkling er ein roman med høg litterær verdi.

Innsirkling - Carl Frode Tiller

David har mista minnet sitt. Dei andre rundt han, ekskjæresten, vennen Jon og stefaren Arvid, skriv brev til David der dei fortel om livet hans. Slik freistar dei å gje David eit liv att, ein identitet, ei kjerne. Dette er handlinga i Innsirkling. Undertittelen til boka er 1 og det tyder på oppfølgjar.

Eg opplever at Tiller, til liks med Dag Solstad, er i stand til å skildre det skjulte. Med det meiner eg drivkreftene og kjenslene som får oss til å framstå som vi gjer. Tiller skriv fram og syner oss korleis mellommenneskelege relasjonar og førestellingar kan vere presentert og regulert ved hjelp av maskeringar, rollespel og forventingar.

Eg synest det er imponerande kor presist Tiller klarer å skildre det vanskelegaste av alt: kjenslene til eit menneske. Lyrikaren Rolf Jacobsen skriv ein stad om rommet mellom stråa i graset og livet under steinane. Desse marginale plassane, desse randsonene synest eg kan vere bilete på vanskeleg tilgjengelege, løynde, såre og sjølvsagt høgst private område som eg tykkjer Carl Frode Tiller når fram til med prosaen sin på ein verdig måte med omsut og innsikt.

Kven kan denne boka formidlast til? Jau, etter mi meining til lånarar som søkjer litteratur om det Agnar Mykle skildra som "det som er under overflaten, det som ligger bakom?" Innsirkling er ei bok for ettertanke og refleksjon. Den er ikkje lett tilgjengeleg og krev ein litt trena lesar. Men så er vinsten og erkjenninga frå lesinga desto større, etter mi oppfatning.

Det gjorde innimellom vondt å lese boka. Eg vil seie at denne romanen har krefter og stemning i seg til å gjere eit sterkt inntrykk på ein lesar. 

"Carl Frode Tiller skriv jo flætta av mæ og de fleste andre her " sa Anne B. Ragde i Bokprogrammet på NRK1 tirsdag 26.februar; sjå 9 minutt og 23 sekund inn i sendinga http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/123808

Carl Frode Tiller fekk i dag Litteraturkritikerprisen 2007 for Innsirkling som beste vaksenbok, sjå http://www.kritikerlaget.no/uploads/media/Pressemelding_LitteraturKritikPris07.pdf  og Tiller mottok i november i fjor Brageprisen i gruppa skjønnlitteratur for same bok.