Tysdag 19. februar blir det presentasjon av kulturfondbøker ved Rica Sunnfjord Hotell i Førde.

Vi får igjen besøk av litteraturformidlarane Kjersti Torbjørnsen og Linn Tønnesen frå Rogaland som vil presentere sine synspunkt på fjorårets vaksenbokutgjevingar som folkebiblioteka mottek gjennom innkjøpsordninga for norsk litteratur. Bestseljarar vil ikkje bli omtalt.

Arrangementet er støtta av Nasjonalbiblioteket.

Velkomen!

Program
09.30:  Registrering og kaffi/te
10.00:  Presentasjon av bøker
12.15:  Lunsj
13.15:  Presentasjon av bøker
15.00:  Slutt

Mindre pausar blir lagt til undervegs i programmet.

Målgruppe: Tilsette ved biblioteka.

Pris: Kr. 700 inkl. lunsj, kaffi/te.

NB! Bokliste blir sendt ut på e-post ca. ei veke før kurset. Skriv ut denne og ta med.

 

Påmeldinga er bindande når påmeldingsfristen er gått ut.

Kontaktperson: Robert Haugen, robert.haugen@sfj.no, tlf. 57 63 79 59.