Tysdag 14.februar blir det presentasjon av fjorårets kulturfondbøker ved Rica Sunnfjord Hotell i Førde.

Vi får besøk av litteraturformidlarane Kjersti Torbjørnsen og Bjørn Veen frå Rogaland. Dei vil gjere kjend skjønnlitterære utgjevingar for vaksne som kjem til folkebiblioteka gjennom innkjøpsordninga for ny, norsk skjønnlitteratur. I tillegg vil bokpratarane omtale nokre biografiar og essaysamlingar utgjevne i 2011. Til saman vert om lag 100 titlar presentert.

Kjersti Torbjørnsen er avdelingsleiar ved Varhaug bibliotek, og har formidla kulturfondbøker sidan 2005. Ho har vitja Sogn og Fjordane fleire gongar i denne samanhengen. Bjørn Veen er litteraturformidlar ved Gjesdal folkebibliotek. Han er ny når det gjeld å formidle kulturfondbøker for vaksne. Bjørn har formidling av litteratur for ungdom som spesialfelt, og har mellom anna vore tilknytt leseaksjonen tXt. Dei to vil gje engasjerande, ærlege og personlege synspunkt på bøkene. Bestseljarar vil ikkje bli omtalt.

Arrangementet er støtta av Nasjonalbiblioteket.

Program
09.30:  Registrering og kaffi/te og litt å bite i
10.00:  Presentasjon av bøker
12.15:  Lunsj
13.15:  Presentasjon av bøker
15.00:  Slutt

Mindre pausar blir lagt til undervegs i programmet.

Målgruppe: Tilsette ved biblioteka.
Pris: Kr. 700 inkl. kurs, lunsj, rundstykke og kaffi/te.
Faktura blir sendt til deltakaren si epostadresse. Skriv i merknadsfeltet til påmeldingsskjemaet om den skal sendast til anna adresse, merkast spesielt o.l.

NB! Bokliste blir sendt ut på epost ca ei veke før kurset. Skriv ut denne og ta med.

Påmeldinga er bindande nå påmeldingsfristen har gått ut.

Kontaktperson: Robert Haugen, robert.haugen@sfj.no, tlf. 57637959

Kjersti Torbjørnsen og Bjørn Veen