Tysdag 11. februar blir det presentasjon av kulturfondbøker på Rica Sunnfjord Hotell i Førde.

Vi får besøk av litteraturformidlarane Kjersti Torbjørnsen og Marit Rudshagen som vil presentere sine synspunkt på fjorårets vaksenbokutgjevingar som folkebiblioteka mottek gjennom innkjøpsordninga for norsk litteratur. Bestseljarar vil ikkje bli omtalt. Arrangementet er støtta av Nasjonalbiblioteket.

Presentrasjonen høver for tilsette ved biblioteka og lærarar.

Pris: Kr. 900 inkl. lunsj, kaffi/te.
Påmeldinga er bindande når påmeldingsfristen er gått ut.

Program
09.30:  Registrering og kaffi/te
10.00:  Presentasjon av bøker
12.15:  Lunsj
13.15:  Presentasjon av bøker
15.00:  Slutt

Mindre pausar blir lagt til undervegs i programmet.

NB! Bokliste blir sendt ut på e-post før kurset. Skriv ut og ta med!

 

Ved spørsmål ta kontakt med Robert Haugen, robert.haugen@sfj.no, tlf. 57 63 79 59.

Velkomen!

Foto: Kjersti Torbjørnsen
Kjersti Torbjørnsen gir ærlege bokomtaler, her frå presentasjonen i 2013