Torsdag 17.mars vert det bokprat om fjorårets kulturfondbøker. For tredje året på rad får vi besøk av Linn Tønnesen og Kjersti Torbjørnsen som vil gjere oss kjend med dei skjønnlitterære vaksenbøkene frå Norsk kulturråds innkjøpsordning.

Dei to litteraturvitarane har lese det meste av den skjønne prosaen (nokre utanlandske titlar også) frå det siste året, og gir engasjerande, ærlege og personlege synspunkt på kva bøker som bør løftast fram.

Arrangementet vert i Førde, tidspunkt og påmelding kjem seinare.