Biblioteka får kvart år mange bøker frå Norsk kulturfond. Ein har ikkje alltid like mykje tid til gjere seg kjent med desse bøkene, noko som kan gå ut over formidlinga. Denne dagen vil vi bøte litt på dette, ved å presentere kulturfondbøker frå 2008.

Kjersti Torbjørnsen og Linn Tønnessen vil gå gjennom om lag 80 kulturfondbøker frå 2008. I hovudsak vil det vera bøker som er skrivne og gitt ut først i Noreg, men dei vil også ta for seg eit lite utval utanlandske bøker frå listene.

Kjersti Torbjørnsen arbeider i dag som bokansvarlig hos Notabene Sandnes. Ho har også arbeidd på Sola folkebibliotek, og er ein del av ønskebokprosjektet. Utdanna kulturformidler, og brenn for formidling av litteratur for vanlige lesarar.

Linn Tønnessen jobbar som litteraturformidlar på Stavanger bibliotek, med ansvar for litteraturgrupper, litteraturarrangement og ulike leseprosjekt. Ho heiar på folk som tør å vere personlege i litteraturformidlinga si, og som tør å stå for sin eigen smak, uavhengig av kva det nasjonale kritikarkorpset meiner.

Program
09.30 - Registrering og kaffi/te og litt å bite i
10.00 - Presentasjon av bøker
12.15 - Lunsj
13.15 - Presentasjon av bøker
15.00 - Slutt

Arrangert med støtte frå Norsk kulturråd
Pris: 600,- inkl. boklister og lunsj