Vi får igjen besøk av formidlarane Linn Tønnessen og Kjersti Torbjørnsen frå Rogaland som vil gjere oss kjend med dei skjønnlitterære utgjevingane for vaksne formidla til biblioteka gjennom Norsk Kulturråd. I tillegg vil dei omtale eit utval av biografiane frå 2010. Til saman vert om lag 100 titlar presentert.

Linn Tønnessen arbeidar ved Stavanger bibliotek, Kjersti Torbjørnsen er tilsett ved Hå folkebibliotek. Dei to litteraturvitarane har lese det meste av den skjønne prosaen (nokre utanlandske titlar også) frå det siste året, og gir engasjerande, ærlege og personlege synspunkt på bøkene.
Arrangementet er støtta av Norsk kulturråd.

Program
09.30 -     Registrering og kaffi/te og litt å bite i
10.00 -     Presentasjon av bøker
12.15 -     Lunsj
13.15 -     Presentasjon av bøker
15.00 -     Slutt
 
Pris: Kr. 700 inkl. kurs, boklister og lunsj
presentasjon  0