E-bøkene er tilgjengelege for alle som er registrert som lånar ved eitt av biblioteka i fylket. Har ein ikkje lånekort kan ei få det frå næraste bibliotek. 

Når ein har lånekort, og tilhøyrande pin-kode, treng ein berre laste ned appen eBokBib på nettbrett eller smarttelefon, så er ein klar til å låne og lese e-bøker.

Ein må vere på nett for å laste ned bøkene, men når boka er lasta ned på nettbrett/mobil kan den lesast utan å ha nettilgang. Bokbasen er også tilgjengeleg for lånarane kvar dei måtte befinne seg, om det er på Kinn eller i Kroatia.

 

Treng du litt meir informasjon? Her finn du ei meir detaljert rettleiing.