Dagleg leiar Lars Sandbakken kjem rundt til alle biblioteka som er med i ordninga for å orientere. Ei oversikt over dag/bibliotek er sendt per e-post saman med planlagt rute.

Sandbakken var også på Bibliotekdagane og orienterte kort om ordninga. Mellom anna informerte han om at ei alltid oppdatert rute kan finnast på NTB sine heimesider: http://www.nbt.as/Sogn.html, rute 1 og rute 2 syner rutene til dei to bilane som vil gå i kvar si sløyfe i fylket. Bilane kan også følgjast på ferda via eit GPS-sporingssystem kalla Tracegrid som alle vil få tilgang til.