Velkomen til 1. samling for studentar som er tekne opp til studiet Munnleg formidling (15 stp).

Vi møtes på Flora vidaregåande skule der første dag startar med informasjon om studiet. Det vert førelesing om "Kva er munnleg formidling?", og også praktisk basistrening i kroppsspråk og formidling.

Dag 2 held vi fram med praktiske øvingar, og vi ser m.a. på teoriar om kreativitet og improvisasjon. Det vert også inndeling i responsgrupper (4-5 studentar) som skal jobbe saman heile året, og med høve til å bli kjent i gruppene.

Sjå ytterlegare informasjon som de har fått tilsendt per e-post om pensum, årsplan, tidspunkt, møtestad m.m.

studying by rhodesj cc by  2. 0 licence
Studying by rhodesj CC by 2.0 licence