Program  
11.00-11.45   Lesestund for inviterte barnehageborn ved lesegledar Marthe Holien Bø
12.00-12.20  Opningskonsert ved Good Time Charlie
12.20-12.35 Helsingar
12.40  Ordførar Leidulf Gloppestad og fylkesordførar Jenny Følling klipper snora
  Kunstutstilling ved Nordstranda skule


Turens lengde er ca. 1,5 km langs godt merka og tilrettelagt sti i lett stigning opp til hyttas plassering på Draumekvila. Start frå sentrum, eller ved tilvist parkeringsplass som ligg etter fyrste avkøyrsle på høgre side av E39 etter krysset ved Sandane Aust i retning Anda. 

Opninga føregår utandørs, ta med eige sitteunderlag og kle dykk etter ver og årstid. Det vert enkel servering. Vel møtt!

 

Om dagsturhytte-prosjektet
26 like dagsturhytter med nynorske turbibliotek skal på plass i Sogn og Fjordane i løpet av dette året og neste. Hyttene vil vere ein attraksjon i seg sjølv, men grunnidéen er å få folk ut på tur og stimulere både lysta til å vere ute og leselysta. Tiltaket skal fremje både trivsel og folkehelse.

Vil du sjå kvar dagsturhytta i din bukommune vert plassert? Så langt er 17 av turmåla bestemt, du finn plasseringane på Fylkesatlas Sogn og Fjordane. Dagsturhytteprosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga og kommunane i Sogn og Fjordane. Heile 26 hytter skal fordelast utover i kommunane i heile fylket i laupet av 2017 og 2018. Seks av hyttene kjem på plass i haust, men ei får offisiell opning i år.

Alle hyttene er innreia med eit lite minibibliotek som skal syne fram bøker for barn og unge på nynorsk, og stimulere til lesing. Det skal vere eit lågterskeltilbod for turgåarar, ein stad for å ete nista si og bla i bøker. Det er fylkesbiblioteket som står bak dei nynorske turbiblioteka, og Nasjonalbiblioteket har løyvd 400.000 kr til aktivitetar på hyttene i 2018. Tilsvarande sum er søkt for 2019. Hyttene skal vere sosiale møteplassar i naturen og vil by på mellom anna forfattarbesøk og teaterframsyningar i eller ved hyttene. Kanskje kan hyttene også nyttast som til dømes konsertarena for Den kulturelle skulesekken.

– Vi vil gjere det enklare for folk å kome seg ut på tur, noko som er bra for både trivsel og folkehelse. Det er også ei flott merkevarebygging for Sogn og Fjordane, som blir det første fylket med godt merka hytter på sentrumsnære, etablerte turmål i kvar kommune. No er det viktig å få ut informasjon om hyttene og prøve å få opp turaktiviteten blant folk i fylket, seier Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga.