Utlysinga er retta mot tiltak i regi av norske folkebibliotek, ev. i samarbeid med andre institusjonar. Det enkelte folkebibliotek bestem sjølv tema og type tiltak, med formidling av fag - eller skjønnlitteratur i fokus. Det kan til dømes vere aktivitetar som seminar, forfattarbesøk, debattar, føredrag, utstillingar eller forteljingsstunder. Eit allment publikum bør vere målgruppe.

Eg er sikker på at det er mange bibliotek som har fleire planar som kan passe og dermed kan søkje støtte frå Fritt ord. Er det nokon som vil fortelje litt om kva litteraturformidlingsplanar de har? Kanskje har de gode erfaringar med prosjekt som de vil anbefale til andre? Bruk kommentarfeltet nedanfor og del litt av idéane!