Nyfiken på litt omtale av teikneserieromanar og nettsider med materiale om teikneseriar? Klikk deg vidare då vel. Aller først nokre nettlenkjer: http://www.tegneserier.no/Default.asp?bhcp=1 Anbefalingar, omtalar, ti på topp; her er stort sett alt av det du treng.   http://www.bibsent.no/fantastisk/index.aspx kan gje deg ein fantastisk ide. Ein kikk i utvalet til Serieteket ved Deichmanske bibliotek kan gje innkjøpsidear om de har midlar til overs: http://www.deichmanske-bibliotek.oslo.kommune.no/avdelinger_apningstider/grerlokka_filial/serieteket/ Teikneserieromanar er eit kjempegodt alternativ for (unge) brukarar som ikkje likar å lese eller som held seg unna bøker fordi den samanhengande teksten blir for kjedeleg og uoverkomeleg. Pondus er ein slager. No er Frode Øverli ute med "en form for et samleverk" (Dagbladet side 41 10. juni) med tittelen Eliteserien 1. Den får svært god omtale, er i fargar og presentasjonen av den fotball- og musikkinteresserte Pondus er kronologisk. Persepolis og Epleptisk er titlar på to teikneserieromanar. Eg har lese dei, og førstnemnde fall spesielt i smak. Den andre er bra, men var litt for langdryg og omstendeleg for underteikna - likevel er Epleptisk ei vesentleg forteljing vel verdt å anbefale. Lesarane til Morgenbladet gav den ein pris, og Epleptisk er kåra til den best omsette teikneserien i 2007. Omslagsbilde Persepolis er ein roman med sterke sjølvbiografiske innslag. Handlinga er frå Iran, og vi får ei innsikt i livet til den vanlege mann og kvinne som media ikkje er i nærleiken av å gi. Kunnskapen i boka gir oss ei kjelde til å vurdere tilhøva nærare i dette lukka landet. Forfattarinna Marjane Satrapi gir oss historia til Iran. Den er verdt å bruke tid på. Persepolis er også filmatisert. Og gløym ikkje å vise fram dei teikna (meister)verka til romsdalingen Jason, som har John Arne Sæterøy til fullt namn. I februar meldte Dagbladet at Jason skal underhalde lesarane av avisa New York Times kvar søndag med dei teikna stripene sine.  Figurane til Jason er melankolske og strevar med eksistensielle problem. Andleta minnar om dyr, men det geniale er at dei samstundes har menneskelege trekk.   For den kunsthistorisk interesserte (og andre sjølvsagt) kan Steffen Kverneland og Lars Fiske sine utgjevingar med Edvard Munch i hovudrolla, Kanon 1 og Kanon 2, vere å foretrekke. Med særeigen strek formidlar dei vesentleg norsk skaparhistorie. Båe utgjevingane som kulturfond. Omslagsbilde Sjølvbiografiske Ser du meg nå? : en tegnet roman av Tor Ærlig (psevdonym for Tor Erling Naas) vart rosa som Noreg sin første teikneserieroman då den vart gjeven ut i 2005. Eg har ikkje lese den, men Morgenbladet fortel (side 37 16.-22. mai dette året) at romanen gav forfattaren ei velfortent anerkjenning. Omslagsbilde 90´ Love Song  av Ærlig er nyleg komen ut. Den får god omtale i Morgenbladet. Innkjøp? Norsk Tegneserieforum kåra tidlegare i år Nebelgrad Blues 3 av Sigbjørn Lilleeng til beste norske serie. To første banda i serien kom ut i 2006. Beste teikneseriedebutant blei Gunnar Wærness med Bli Verden. Kåringane gjaldt nok for året 2007. Kjelda mi er Dagbladet.  Heilt til slutt: Dante Alighiere, italiensk middelaldardikting på nynorsk - er det ikkje bra? Eg snakkar om utgjevinga Dante : den guddommelege komedie som teikneserie, innkjøpt og formidla via innkjøpsordninga. Dette må jo vere ein god måte å gjere kjent ein klassisk tekst på. Det er Bodil Moss som har omsett til nynorsk frå ein adapsjon til teikneserieforma på italiensk.   Helvetet