I tillegg har Englund gjeve ut engasjerte essay om historia til daglegdagse reiskapar og hjelpemiddel, til dømes soga om brillene, tannkosten og utstillingsvindauget. Denne samlinga av tekstar har tittelen Stillhetens historie.

Ei anna bok med samling av essay er Brev fra nullpunktet som tek for seg førre hundreåret sine krigsbrotsverk og den første verdskrigen. Poltava: fortellingen om en hærs undergang er ei utgjeving om den svenske hæren sitt store nederlag ved Poltava i aust.

Siste utgjeving av Peter Englund er ein skjønnlitterær roman; Jeg skal tordne (Jag skall dundra) frå 2008. Handlinga er frå Sverige sine krigstokt i dagens Polen.

Omslagsbilde

Boka får fram det totalt meiningslause og grufulle ved ein krig, og viser det farlege ved kva menneske i ein ekstrem situasjon som krig kan vere i stand til.

Jeg skal tordne er først og fremst ein historisk roman, og gir innsikt i korleis det var å vere i den svenske hæren for om lag 300 år sidan. Peter Englund har betydelege kunnskapar om krigshistoria til landet sitt, og den nyttar han seg av. Men boka gir også psykologisk innsikt i reaksjonsmønstre hos menneske utsett for ekstreme situasjonar.

Boka er på 171 sider, og eg meiner den i hovudsak kan anbefalast til brukarar som er interessert i historie generelt, krigshistorie spesielt, og til lesarar som er oppteken av historia til Norden.