Etter Lov om folkebibliotek skal fylkesbiblioteket ivareta regionale bibliotekoppgåver, gi råd til lokale styringsmakter, yte bibliotekfagleg rettleiing og assistanse, og arrangere møte og kurs om bibliotekspørsmål.

Bibliotekmeldinga (St.meld.nr.23 2008-2009) Bibliotek: Kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid legg vekt på at fylkeskommunen må utvikle ein regional bibliotekpolitikk som ivaretek lokale behov og statleg politikk, og at fylkesbiblioteka skal vere ein regional utviklingsaktør på bibliotekområdet.

I den samanheng har fylkeskommunen vedtatt Strategisk plan for bibliotekutvikling i Sogn og Fjordane 2011-2014, som skal bidra til å utvikle robuste og omstillingsdyktige bibliotek som kan tilby alle innbyggjarane betre bibliotektenester.

Fylket sin visjon er: Biblioteket – møteplass for kunnskap, kultur og vekst.

Sjå tilsette og kontaktinformasjon.