• Du bestiller ved å fylle ut skjemaet du finn når du går inn på ei bok i databasen.
  • Alle felt må fyllast ut så nøyaktig som mogeleg, felt merka med stjerne må fyllast ut før du får sendt skjemaet.
  • Om alle bøkene er utlånt, vil vi sette skulen på venteliste og gi beskjed til lærar om når ein kan vente å få klassesettet. Om det er venteliste på bøkene, vil det stå  «Reservering(ar): ...» under fana «Sjekk ledig»reserveringar.
     
  • Om berre deler av klassesettet er utlånt, kan en bruke kommentarfeltet til å gi beskjed om vi skal sende delvis, eller vente til alle bøkene er ledige.  Bøkene kan òg bestillast til ein bestemt dato ved å opplyse om dette i kommentarfeltet.
  • Det kjem automatisk stadfesting ved motteken bestilling. Ta kontakt om du ikkje har fått stadfesting på registrert e-post.
  • Vi brukar vanlegvis 1-3 dagar på å ekspedere ei bestilling, men i periodar kan det ta lenger tid. Vi oppmodar om å ta direkte kontakt om du ikkje har høyrt frå oss innan ei veke etter bestilling.
  • Vi sender melding når klassesettet er sendt frå oss.
  • Bøkene blir sendt kostnadsfritt til næraste folkebibliotek. Vel bibliotek i rullemenyen ved bestilling. Skulen må sjølv hente og returnere bøkene til næraste folkebibliotek (hovudbiblioteket) som tek seg av vidaresending til fylkesbiblioteket.

 

Personvern

Fylkesbiblioteket lagrar ein del opplysningar om lånarane for å kunne administrere utlån og andre tenester. I personvernerklæringa kan du lese meir om kva opplysingar som blir registrerte i utlånssystemet og korleis dei blir handsama.