Det var eit intervju med forfattaren sjølv som vakte interessa mi, og følgjande sitat vil nok passe særs godt for alle oss som føler at  barne-og ungdomlitteraturen ikkje alltid får den merksemda den fortener.

”Jeg tror at bøker er viktigere for barn enn for voksne. Bøkene du leser som liten husker du hele livet. Jeg aner ikke hvilke bøker jeg har lest det siste året, men jeg kan lett gi deg navnet på ti bøker som betydde mye for meg da jeg var liten.” Du kan lese resten av intervjuet her: http://www.abcnyheter.no/node/90389

  Sonya Hartnett vart i fjor tildelt den høgthengande Astrid Lindgren Memorial Award (ALMA) for sitt forfattarskap og er blitt samanlikna  med storheiter som Faulkner og Dostojevskij. Det er forfriskande å lese ei bok som skildrar livet akkurat slik det er og viser alle sidene av oss menneske, uansett kor mørkt det enn kan fortona seg. Det er også befriande å lese ei bok av ein forfattar som utfordrar dei tradisjonelle krava til form og innhald når det kjem til ungdomsboka. Ein kan ikkje forhalde seg likegyldig til karakterane og handlinga i romanen, og Sommerfugl er ei bok eg kan anbefale på det varmaste.

Les meir om boka og forfatteren her: http://www.litteraturfestival.no/index.php?option=com_content&view=article&id=258:forfattermoter&catid=82:generelt&Itemid=179