Denne gangen dreier det seg om biblioteka i Lærdal, Høyanger og Hornindal. Ta vel imot dei nye!

Eva Ulla Myren - Høyanger

Eg heiter Eva Ulla Myren, er 32 år, og eg kjem frå Ålesund. Eg starta som biblioteksjef på Høyanger bibliotek den 12. mars i år, så eg er heilt fersk i fylket og i jobben. Derimot har eg studert fleire stadar i Norge og i utlandet. No kjem eg rett frå stillinga som vikarierende biblioteksjef på Ørskog bibliotek i Møre og Romsdal. Eg har også arbeida på Ålesund bibliotek og på Bokbåten Epos som del av praksisperioden min. I Høyanger har eg blitt utruleg godt motteken av alle dei flotte folka, og eg gler meg til å vere med på å gi alle her eit flott bibliotektilbod.

Guro Nesse - Lærdal

Eg heiter Guro Nesse og er 34 år. Eg er oppvaksen i Lærdal og har nyleg flytt heimatt til familiegarden eg er i frå. I 2008 var eg ferdig utdanna bibliotekar frå Høgskolen i Oslo og Akershus, og har seinare også tatt ein mastergrad i nordisk litteratur. Eg fekk jobb som ungdomsbibliotekar ved Deichmanske bibliotek i 2008, og arbeidde der til eg flytte til Tromsø i 2013. I Tromsø jobba eg i tre år som bibliotekrådgjevar ved Troms fylkesbibliotek. No er eg tilsett som kulturkonsulent i Lærdal kommune, der 10 % av stillinga mi er knytt til folkebiblioteket. Eg ser fram til å få arbeide med bibliotekstilbodet i kommunen og til å kunne vere med å tilby endå betre bibliotektenester til innbyggjarane i Lærdal. 

Volda vertskommune for Hornindal 

Hornindal har inngått avtale med Volda om bibliotekdrift fram til kommunesamanslåinga i 2020. Biblioteksjef i Volda, Tove Aurdal Hjellnes, har framover ansvar for biblioteket i Hornindal og det er tilsette frå Volda som driftar biblioteket.

Gi oss gjerne melding om det er noko nytt hos deg!