Anja er tilsett i eit engasjement ut oktober, og skal jobbe med formidling til barn og unge, satsing på skulebibliotek, konferansar og fagsamlingar. Ho er utdanna religionshistorikar ved Universitetet i Oslo, og har også studert litteratur, engelsk og pedagogikk. Anja har i fleire år jobba som lærar ved ungdomsskule i Lørenskog.

Det er fleire endringar ved fylkesbiblioteket; Bente Lund har permisjon for å jobbe ved Førde bibliotek eit år, og Astrid Sundset Moe har gått inn i vikariat for ho.