Den første dagsturhytta opna i 2017

​I desember 2017 stod den første dagsturhytta Draumekvila klar på Sandane og vart offisielt opna av fylkesordførar Jenny Følling og Leidulf Gloppestad, ordførar i Gloppen. ​Good Time Charlie spelte opningskonsert med hytteboogie, og det var lesestund ved Marthe Holien Bøe med Kom la oss lage fest i Trivselsskogen!

Sidan har fleire hytter kome på plass, og målet er at flest mogleg av hyttene skal bli monterte ila. 2018. Sjå oversikt over plassering og monteringsdato på sfj.no/dagsturhytte

Synleggjering av bibliotektilbod på ny arena

For å stimulere til lesing og gjere kjent god barnelitteratur på nynorsk, er hyttene utstyrt med eit minibibliotek med bøker til bruk på staden. Fylkesbiblioteket har kjøpt inn omlag 20 bøker på nynorsk, i hovudsak for barn. Folkebiblioteka har tilsynet med turbiblioteka i sin kommune og supplerer med eigne bøker om friluftsliv, natur, segner og eventyr, lokale kulturminne, turmat, dyreliv, dikt og anna dei synast kan passe.

Lågterskeltilbod

Dagsturhytta skal vere eit lågterskeltilbod for turgåarar. Ho er om lag 15 kvadratmeter og dei fleste har verken varme, straum eller sanitæranlegg. Plasseringa av hyttene er valt av administrasjonen i kommunen. Hytta er meint å vere eit trekkplaster, her kan ein ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker.​ 

Sommaren 2018 inviterte fylkesbiblioteket og fire folkebibliotek flyktningar og innvandrarar til framsyning på dagsturhyttene av Gilgamesh – kongen som nekta å døy av og med Rolf Losnegård. Målet var å skape  gode møte mellom nye og etablerte innbyggjarar i kommunane, og å leggje til rette for felles natur- og kulturopplevingar. Ved å gjere kjent den norske turtradisjonen og inspirere fleire til turglede og uteaktivitet, kan møteplassar som dagsturhytta bidra til å byggje tilhøyrsle og samkjensle i lokalsamfunna.     

Turnéar på dagsturhyttene i 2019

For å stimulere til bruk av dagsturhyttene og turbiblioteka har fylkesbiblioteket søkt og fått tildelt 800.000 frå Nasjonalbiblioteket. Frå våren 2019 vil turneen med Losnegård og Gilgamesh halde fram på fleire av hyttene. Vidare er det planlagt turnear retta mot høvesvis barn og ungdom.

Samarbeid mellom fylkeskommunen, Sparebankstiftinga og kommunane

Prosjektet med dagsturhytter i Sogn og Fjordane er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve. Utgangspunktet er visjonen i regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv: Fysisk aktivitet for alle. Dagsturhyttene blir i hovudsak finansierte ved hjelp av spelemidlar, pengar frå Sparebankstiftinga og momsrefusjon. Hytta er teikna av Rojo arkitekter i Trondheim og blir bygd av Reknes Byggjevarer. Dei byggjer hyttene på lageret sitt i Masfjorden, før dei blir frakta til stadane der dei skal monterast.