Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa og Sogn og Fjordane fylkesbibliotek gjekk i 2015 saman for å etablere eit lesegledar-korps i Sogn og Fjordane. Ideen er henta frå Lesesenteret i Stavanger som har ti aktive lesegledarar som tek oppdrag i Rogaland. Oppdraget for ein lesegledar ligg i namnet: Målet er å vekkje leselyst og leseglede hos barn og unge.

Lærarar, førskulelærarar, bibliotekarar og andre som har glød og interesse for litteratur for barn og unge vart våren 2015 inviterte til å bli med på lesegledar-satsinga. Tre kursdagar og eit avsluttande seminar vart gjennomført, og hausten 2015 stod 10 nynorske lesegledarar klare for innsats i Sogn og Fjordane!

Lesegledarane kan kome til barnehagen eller klasserommet, til biblioteket, foreldremøte eller personalmøte – eller til andre typar samlingar der ein ønskjer å få presentert barne- og ungdomsbøker for ei bestemd målgruppe.

Ei økt med ein lesegledar kan ha mange former og ulike tilhøyrarar. Det kan dreie seg om ei rolig lesestund for ei gruppe, presentasjon av korte smakebitar for å vekke leselyst eller framsyning av eit utval aktuelle bøker for målgruppa. I Sogn og Fjordane har vi dessutan eit særskilt ansvar for å løfte fram den nynorske barne- og ungdomslitteraturen slik at barna får møte tekstar på sitt hovudmål. Kvar og ein legg opp lesegledarøkta etter nærare avtale med oppdragsgjevar.

Kursrekkja i 2015

Lesegledarane har gått på kurs gjennom Nynorsksenteret og Sogn og Fjordane fylkesbibliotek i vår. Kvart kurs bydde på møte med forfattar, utstillingar og presentasjonar av dei nye, gode bøkene for den aktuelle målgruppa, og faglege innlegg om føresetnader for utvikling av leselyst og leseglede hjå barnet i denne fasen av leseutviklinga.

12. februar: God start

Litteratur og lesing for dei minste. Sjå program

19. mars: Å lese sjølv

Fagprosa og forteljingar for barnetrinn og mellomtrinn. Sjå program

30. april: Ung leseglede

Ungdomslitteratur og dei første bøkene for vaksne. Sjå program

11. juni: Arbeidsseminar for lesegledarar

Demonstrasjon og drøfting av lesegledarrolla og ulike metodar i formidling av litteratur. Gjennomgang av honorar og godtgjersle for oppdrag som lesegledar m.m. Sjå program

Kontakt ved Nynorsksenteret

Janne Karin Støylen
Høgskulelektor
Telefon: 976 09 477
janne.karin@nynorsksenteret.no