Er du
- Ein forelder som har kjent på at du gjerne skulle ha lese litt meir for borna dine? Besøke biblioteket hyppigare eller å gje vekk bøker som presang litt oftare? Og du har kanskje opplevd at du då vil ha bøker på nynorsk, men føler at det er lite å velje i?
- Ein besteforelder som lurer på om det finns klassikarar som er omsett til nynorsk og som eignar seg til ei god lesestund?
- Ein lærar eller skulebibliotekar som treng tips til bøker som er like varierte som det elevane er? Nokon liker best å lese faktabøker, nokon teikneseriar, medan andre vil ha korte forteljingar.
- Eller kanskje er du sjølv ein lesehest i alderen 6-12 år som ønskjer tips til nye spennande bøker å lese?
Uansett om du er forelder, skuleelev, lærar eller berre interessert i god barnelitteratur, så bør du ta turen til biblioteket under Nynorske barnebokdagar. Tre bibliotek i Sunnfjord vil få besøk av forfattar Erna Osland og litteraturformidlar Janne Karin Støylen som vil snakke om lesing og presentere gode nynorske bøker som passer for barn i alderen 6-12 år.
Arrangementet er gratis og det vil vere enkel servering.
Her kan du oppleve Nynorske barnebokdagar:
Førde bibliotek: tysdag 17. september kl. 18.00-20.00
Jølster bibliotek (Skei): onsdag 18. september kl.18.00-20.00
Naustdal bibliotek: torsdag 19. september kl.18.00-20.00
Velkommen til ein kjekk og inspirerande kveld på biblioteket!
Erna Osland er frå Høyanger i Sogn og busett på Byrknesøy i Gulen. Ho skreiv norsk hovudfagsoppgåve om barnelitteratur, og har undervist i ungdomsskule og vidaregåande. Forfattaren debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne.
Ho vil lese frå eigne bøker og fortelje om kor viktig litteratur er i høve kommunikasjon, oppleving og utdanning.
Janne Karin Støylen jobbar som litteraturformidlar ved «Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa». Der jobbar ho med å inspirere og motivere andre formidlarar til å skape leselyst og leseglede hjå born og unge. Ho vil snakke om god, nynorsk litteratur og presentere bøker som er tilpassa ulike aldersgrupper og interesser.