Anne Sagen er frå og med 01.01.14 tilsett i 80% stilling som biblioteksjef ved Gaular folkebibliotek.

Anne er etter kvart kjent for dei fleste i bibliotekbransjen i fylket, ho har lang erfaring frå folkebibliotek. Anne kom til fylket som biblioteksjef i Naustdal, etter å ha vore biblioteksjef i Karlsøy kommune. Sidan har ho vore tilsett i fylkesbiblioteket og ved Førde bibliotek. Anne har også vore tilsett ved Vadheim filial og vore vikar ved Fjaler bibliotek.

 

 

Sindre Hovland Søreide er frå nyttår tilsett som biblioteksjef ved Fjaler folkebibliotek i 100% stilling. 

Han har bachelor i Bibliotek- og informasjonsvitenskap ved HiOA og var ferdig i 2012. I 2013 var Sindre i eit vikariat ved Olsvikåsen VGS i Bergen kommune, og i 2011 var han med og haldt BOBCATSSS i Ungarn.

 

 

 

 

 

 

 

        

Marthe Holien Bø er frå 15.02.14 tilsett i 80% stilling som vikar for biblioteksjef Kristin Hatledal.

Marthe har bachelor i medievitskap frå Universitetet i Bergen, og har arbeidd som journalist etter enda studium. Ho er også ein aktiv bloggar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Velkomen til alle og lukke til i ny stilling!

Er det fleire nye namn eller anna nytt om tilsette vil vi gjerne at de melder frå!