Vi har bytta nettsideplattform og gått over til Drupal som er eit publiseringsverkty basert på open kjeldekode. Noko av det heilt nye på sida er moglegheit til å leggje inn kommentarar på saker, samt å kunne leggje inn aktivitetar i kalender. Vi håpar desse funksjonane vil involvere våre brukarar, og vi oppfordrar alle bibliotek til å dele aktivitetar som skjer i biblioteka. Dette vert òg lagt ut i fylkets kulturkalender og vert dermed ein fin marknadsføringskanal.

Har du kommentarar til vår nye nettside?
Vi set stor pris på tilbakemeldingar frå deg. Legg gjerne att ein kommenter i feltet nedanfor om det er noko du saknar, eller send oss ein e-post med dine kommentarar til siv.hatlem@sfj.no. Vi gjer samstundes merksam på at ein del informasjon kan vere mangelfull, vi arbeider framleis med innhaldet og det vil kome små justeringar i tida som kjem.