Den nye versjonen krev iOS 9.3 eller Android 4.03 (4.1 for lydbøker). 

For brukarane er dette noko av det nye:

  • endra lånereglar for e-lån: 3 samtidige lån og lånetid på 90 dagar
    (tidlegare 10 samtidige lån og 30 dagars lånetid)
  • større utval av e-bøker
  • e-lydbøker (førebels berre eit fåtal då avtale for kjøp ikkje er på plass endå)
  • ein kan opprette lånarhistorikk og hugseliste
  • ein kan justere margar, linjeavstand og oppdeling i kolonner
  • appen har nytt design og ny navigasjon
  • reserveringar viser no alle reserveringar på tittel på landsbasis (ikkje reserveringar per eksemplar). Nokon vil dermed oppleve at dei hamnar langt bak i reserveringskøen av tekniske grunnar, men ein vil ikkje få boka seinare enn før! Les meir om dette og andre spørsmål og svar på ebokbib.no

 

For biblioteka kan dette vere greitt å kjenne til:

Bakgrunnen for endra lånereglar er at den nye ordninga skil mellom e-bøker nyare eller eldre enn to år for å rekne pris for innkjøp. 

  • e-bøker utgitt dei siste to åra vert vurdert kjøpte inn for 10 utlån/klipp i gongen. Bøkene må ev. kjøpast for 10 nye utlån når klippa er brukte opp (klippekortmodellen/pakkemodellen). 
  • e-bøker eldre enn to år vert utlånte til stykkpris per lån (klikkmodell).
  • e-bøker som allereie er kjøpte varer ut lisensperioden på 3 år og kan lånast ut uavgrensa gongar, men kvart eksemplar til ein lånar av gangen (eksemplarmodellen).  
  • k-fondbøker får vi gjennom innkjøpsordninga som før og har lisensperiode på 5 år. Dei fleste k-fondbøkene er tilgjengelege i 3 eksemplar og kan lånast uavgrensa gongar (eksemplarmodellen). 
  • ei e-bok blir rekna som lånt når 10% av sidene er lest.
  • i nye eBokBib vert reserveringar rekna annleis fordi systemet må ta høgde for tre utlånsmodellar. Fleire faktorar påverkar kvar ein er i reserveringskøen, men sluttbrukaren vil ikkje merke særleg forskjell. Les meir om dette og andre spørsmål og svar på ebokbib.no