Handlinga i den nye serien til Hegstad går føre seg på 1800-talet. Ein liten jentebaby blir funnen på ei trapp, og det er livet til denne vesle jenta med namnet Hansine lesarane av romanane i denne serien vil følgje.

Inger Harriet Hegstad fortel at ho har gjort grundig research før ho sette seg ned og skreiv. Til no er fem bøker i serien ferdigskrivne, men om lesarane vil, som forfattar Hegstad uttrykkjer seg, skriv ho gjerne ein 15 til 20 bøker om Hansine.

I 2003 gav Inger Harriet Hegstad ut samtidsserien Skjebnespill.