Maria er tilsett i kombinert vikariat (for Siv) og prosjektstilling, og skal vere hos oss til og med april 2017. Ho skal jobbe med mykje av dei same oppgåvene som Siv har hatt, m.a. lesegledarordninga og nettsider. Ho vil også jobbe med ulike prosjekt, og har hovudansvaret for arbeidet med tilrettelegging av turnear i samband med arenautviklingsmidlar fylkesbiblioteket har fått tildelt.

Maria er er opprinneleg frå Tyskland, og har utdanning på masternivå i bibliotek- og informasjonsfag frå Tyskland og Tsjekkia. Det siste året har ho vore trainee på IT-avdelinga i fylkeskommunen. 

I sommar vil Maria hospitere litt på biblioteka i Førde og Sogndal, så ho blir betre kjend med folkebibliotek i fylket.