Det er no lagt til nokre ikon under hovudmenyen, som gir direkte tilgang til ein del av tilboda våre utan å måtte gå via menyen. Dette gjeld m.a. lenke til basane med lokalistoriske artiklar og lokale forfattarar, informasjon om lesegledarane og klassesett.

Dei som bestiller klassesett vil sjå at det ser litt annleis ut no. Det er laga ein tabell med inndeling på språk og alder, og klikkar ein på eitt av vala vil det bli gjort eit søk i klassesettbasen på desse avgrensingane. Her kan ein lese omtale av boka, sjå kor mange som er ledige, og bestille via skjemaet som er tilgjengeleg på kvar omtale.

Det er framleis ein del som skal finpussast på nettsida, så gi gjerne ei tilbakemelding dersom det er ting du saknar, synes er ulogisk eller har vanskar med å finne det du leitar etter. Send ein e-post til Anja Angelskår Mjelde.